Sidan Solbjørg Angelskår Mortensen sin avgang 31.12.19 har det vore ein spennande prossess i Nordhordland indremisjon sitt styre med å finne ein ny dagleg leiar på Raknestunet.

Valet falt på Martin Eknes (26) frå Stranda på Ostereidet. Han skulle opprinneleg tre inn i stillinga 1. juni, men grunna lite/ingen aktivitet på Raknestunet. I slutten av juli byrja aktivitetsnivået å ta seg opp igjen, og den 1. august kom endeleg ny leiar på plass! Martin kom rett frå 3 år med administasjonsoppgåver på Helgeland Folkehøgskule. Me er svært takksam for at han har tatt på seg oppgåva på Raknestunet då han har både erfaring frå administrasjon OG eit hjarte for barne -og ungdomsarbeidet i Nordhordland indremisjon. Han har sjølv lang fartstid på leir både som deltakar, kjøkkenhjelp og leiar.

Det er godt å endeleg ha ein fast leiar på plass etter 7 månadar med midlertidige løysingar. Janne Merete Frøystad , som har vore fungerande leiar 1.mars-1.august, trer no av etter ein overlappingsfase.

Sambåndet har hatt eit lite intervju med den nye leiaren. Det finn du her: http://www.sambaandet.no/2020/09/01/raknestunet-har-fatt-ny-daglig-leder/