Velkomen til oss

Kurs- og konferanse

Raknestunet kan tilby flotte lokaler med moderne lyd- og bildeutstyr til kurs og konferanse.

Raknestunet har ulike rom som kan nyttast til kurs og konferanse, alt etter kor mange deltakarar ein er, og kva setting ein ynskjer.

Møtesalen

Her er det plass til omlag 40 personar viss ein set ved bord, og omlag 70 viss ein set i stolrader.
Prosjektør, pc, lydanlegg med konsertstandard, trådlause mikrofonar og trådlaust internett er inkludert.

Møtesalen + matsalen

Her er det plass til omlag 75 personar viss ein set ved bord, og omlag 150 viss ein set i stolrader.Dobbel prosjektør, pc, lydanlegg med konsertstandard,trådlause mikrofonar og trådlaust internett er inkludert. Ved dette alternativet må ein ta måltider i peisestova, eller spise ved borda slik dei står under konferansen.

Peisestova

Her er det plass til omlag 70 personar, og egnar seg godt viss ein ynskjer kurs og konferanse i litt meir uformell stil.
Prosjektør, pc, lydanlegg, trådlause mikrofonar og trådlaust internett er inkludert.

Møterommet og sittegrupper

På møterommet er det plass til omlag 15 personar, og egnar seg godt som eit ekstra grupperom under kurs og konferanse.
Rommet har både prosjektør og lydutstyr. I foajeen fins det sittegrupper som egnar seg godt til gruppearbeid.

Gymsal og aktivitetsrom

Ved kurs- og konferanse på Raknestunet kan ein fritt nytte gymsalen og aktivitetsrommet.
Her er det mulig å ta eit slag bordtennis i pausen, eller avslutte dagen med ein fotballkamp.

Mat på Raknestunet

På Raknestunet tilpassar vi menyen etter kunden sitt ynskje, alt frå enkel servering for dei som vil ha det rimelig,
til koldtbord eller andre rettar for dei som vil slå på stortromma.

Raknestunet er ein alkoholfri serveringsstad.

I vedlegget over som du kan laste ned, finn du prisar på noko av det vi kan tilby, men ynskjer du andre matrettar kan vi gje pristilbod på dette.

Overnatting

Ynskjer ein overnatting i samband med kurs- og konferanse, så har vi 20 rom tilgjengelig for dette, med til saman 85 overnattingsplassar.
Alle romma vart pussa opp i 2022.
Ta kontakt for pristilbod inkl. overnatting.