Leirar

Leir på Raknestunet
Nordhordland indremisjon eig Raknestunet og arrangerer mange leirar for store og små på leirplassen.
Hovudmålet for leirane på Raknestunet er at deltakarane skal verta betre kjent med Bibelen og JESUS, som er Bibelen sin hovudperson. Me har samlingar kvar føremiddag med bibelundervisning lagt til rette for dei ulike alderstrinna, og me syng nye og gamle leirsongar der Bibelens bodskap er i sentrum.
Aktiviteter
Bygget ligg ved Osterfjorden, og det er rikeleg med aktivitetstilbod både ute og inne.
I kjellaren har me aktivitetsrom med høve til å spele innebandy, fotball og bordtennis. Ute har me tarzanløype, kanoar, kai, badestrand, trampoline, baner for ulike ballspel og mykje utstyr til uteleik.
Velkommen på leir
Deltakarane møter på kvar samling/ aktivitet i programmet.
På kvar leir er det ca. 10 – 12 leiarar, fordelt på alder og kjønn. Me ynskjer at kvar deltakar skal få ei positiv og trygg oppleving av å vera på leir.

Barneleir
Me har barneleirar for alle born i skulealder
- 1.-2. klasse: Minileir
- 3.-4. klasse: Yngstesleir
- 4.-6. klasse: Yngresleir
- 6.-8. klasse: Betweenleir

For dei i tenåra
Tenleir er for deg som har begynt på ungdomsskulen.
Ungdomsleir og Nyttårsleir er for deg som går i 10. klasse og oppover.

Andre leirar
Nordhordland Indremisjon arrangerer fleire andre leirar:
- Familieleir
- Glad-i-leir
- Pensjonistleir
- Lagsleir
- Bibelhelg
Meld deg på
Du melder deg på leir via nettsia til Nordhordland Indremisjon.