Gunnlaug Melhus, Rune Melhus og Ingrid Mjelstad

Me nærmar oss med stormskritt ein ny leirsommar på Raknestunet, og det er med stor glede at me no kan presentere tre nye tilsette på Raknestunet.

Ingrid Mjelstad har takka ja til stillinga som kjøkkenleiar på Tunet, og går inn i ei 80 % stilling frå 1. august. Ingrid har tidlegare vore tilsett på Raknestunet, og me er svært takknemlig og glade for å ha Ingrid med på laget. 

Gunnlaug Melhus har takka ja til ei stilling som kjøkkenarbeidar i 70 % stilling, medan Rune Melhus har takka ja til ei stilling som vaktmeister i 30 % stilling. Gunnlaug og Rune har òg oppstart 1. august, men kan verte å sjå på nokre leirar allereie i juni. Me er svært takknemlig og glade for å ha med oss Gunnlaug og Rune på laget, og gleder oss over å ha fått tre gode og dyktige tilsette på Raknestunet. 

Me er framleis på utkikk etter ein/ei som kan være tilknytta kjøkkendrifta på Raknestunet i ei mindre stilling, med arbeidstid 3. kvar helg som eit utgangspunkt. Ta gjerne kontakt med krinsleiar Vegard Hetlebakke, om du eller nokon du kjenner kan vere aktuell til denne stillinga.   

Ein del av oppgåvene knytt til stillinga som dagleg leiar vil løysast internt på krinskontoret i haust, og me gleder oss til å starte opp att drifta på det nye og fantastisk flotte Raknestunet! 

«Då sa han til læresveinane: Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.» Matt 9:37-38