Mandag 04.oktober startar byggearbeidet!
Sidan august har engasjerte dugnadsfolk stått på for å gjera klart Raknestunet til opprustinga som etter planen skal vera ferdig til leirsumaren 2022. Bygget er no tømt for all inventar og mykje av byggemassen er også revet og solgt.
Mandag 04.oktober startar entrepenør med riving og grunnarbeid, og ved midten av mai 2022 skal ny matsal, møtesal og kjøkken stå klart. I tillegg kjem det eit nytt aktivitetsrom under møtesalen.
Det har vore mangen i arbeidarar sving og mangen dugnadstimar er lagt ned allereie, men endå er det mangen dugnadstimar som gjenstår. I tillegg til norddelen så skal også internata opprustast og det skal gjerast på dugnad.
Det er eit stort arbeid, men det er gode folk som skal leia arbeidet med dugnaden på internatdelen.
Har du lyst å bidra på dugnad gjennom det neste året?
Då kan du ta kontakt med dagleg leiar, Martin Eknes: tlf. 41320754.
Her ser du nokre bileter av korleis det ser ut på Raknestunet før entrepenøren set i gong sitt arbeid.
Me vil jamleg legga ut bileter slik at ein kan følgja med på framgongen i prosjektet.